torsdag 21. august 2014

Dagane - tekst og musikk: Odd Nordstoga

Ein gong kom kjærteiken heilt av seg sjølv,
og kvar dag den var av sølv.
For du gylte kvar ein augneblink med hugen fri,
og blenda var eg med på reisa di

Dagar som sand ut av hendene renn.
Om du tvilar, ja, så kjenn.
Den eine som den andre ut i vinden fer,
og tida som me har den reiser der.

Lov meg å vera hjå meg all din dag.
Ja, det lova me i lag.
Så gav eg deg ein ring, ja det var lettvint gjort.
Så luska og den dagen stille bort

Så langt
Så langt
Så langt som vinden greier å jaga bylgjene blå;
der skal eg fylgje deg, min venn.
Der skal me finne dei igjen.

Og ute luskar styggen
og skiljer deg frå meg.
Og visste me, så hadde me
nok kome oss i veg.
Og eg ha' bore deg på armen
gjenom skog og over fjell.
Og du ha' halde meg i handa
gjennom juv og myrke gjel.
Og eg ha' strekt meg etter deg
og du ha' strekt deg etter meg

Så langt
Så langt
Så langt som sola greier å fylgje bylgjene blå;
der skal eg fylgje deg, min venn.
Der skal me finne dei igjen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar